Ein av dei 11 fotografane i prosjektet «Hjernen er deg!» er David Aasen. Temaet han har tolka er «Utviklinga av barnehjernen» i samarbeid med fagmentor Else-Marie Augusti, psykolog og forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. I fire år fotograferte Aasen dotter si. Her er eit av bileta frå ho var baby.
PUBLISERT: 23. NOVEMBER 2023
– Fotografi som kunstform har ei unik kraft i seg
Prosjektet til Hjernerådet, «Hjernen er deg!», er nominert til Helseprisen 2023 av Stiftelsen Dam. Det er tre kandidatar som kjempar om den gjeve prisen. Den som får flest stemmer vinn. Ein av dei som har bidrege til fotoprosjektet «Hjernen er deg!» er fotograf David Aasen. Han har laga ein serie bilete som tar for seg «Utviklinga av barnehjernen». Han er ikkje i tvil om kvifor folk burde stemme fram prosjektet.
– Utstillinga formidlar viktig kunnskap på overraskande og engasjerande vis. Måten prosjektet kombinerer fagleg informasjon og ulike kunstnariske og dokumentariske uttrykk på, er etter mitt syn ganske originalt, og er slik sett ein kvalitet i seg sjølv. Fotografi har noko umiddelbart, attkjenneleg og tillitsvekkande ved seg, samtidig som det kan vekke undring og lærelyst. Prosjektet gir derfor på ein effektiv måte publikum inngangar til kunnskap om hjernehelse, seier David Aasen.
Han tenkjer at sidan det er så mange ulike uttrykk og tematikkar, har nok dei fleste funne eitt eller anna dei har hatt nytte eller glede av i utstillinga.
– Eg trur at dei som har sett utstillinga ikkje berre har lært noko nytt, men også har fått inspirasjon til å lære endå meir om menneskehjernen. Ein av tinga eg sjølv er blitt fascinert av i prosjektet er kor mykje vi faktisk har lært om hjernen vår, men samtidig kor uendeleg mykje meir vi enno ikkje forstår, kor mykje meir det er å oppdage, både når det gjeld kunnskap om hjernen generelt, men også til å hjelpe folk med lidingar og sjukdommar relatert til hjernen. Eg ser for meg at utstillinga har hatt den effekten også på publikum, at den skapar nysgjerrigheit, seier Aasen.
– Korleis opplevde du samarbeidet med fagmentoren din, Else-Marie Augusti?
– Det var både fint og nødvendig å delta i ein fagleg samtale på eit tidleg tidspunkt. Temaet verka i utgangspunktet både stort og uoversiktleg, men gjennom dei faglege perspektiva peika det seg ut moglege retningar for arbeidet vidare.
Eg gjekk vidare med å lese ulike bøker om hjerneforsking. Sjølv om temaet eg fekk tildelt var nokså spesifikt, så skjønte eg raskt at alt heng saman med alt innafor hjerneforsking.
Parallelt med at eg ville lære meir, måtte eg derfor prøve å avgrense prosjektet. Størstedelen av arbeidet har sjølvsagt handla om praktiske ting, som å springe etter dotter mi med kamera, for deretter å tenkje på utval og komposisjon. Likevel er eg sikker på at den fagkunnskapen eg fekk med meg inn i prosjektet har bidratt til både medvitne og umedvitne grep i fotograferinga og i redigeringa av materialet, seier Aasen.
– Korleis har det vore å delta i fotoprosjektet «Hjernen er deg!»?
– Det har først og fremst vore veldig lærerikt. Både fordi eg har fått utvida kunnskap om menneskehjernen, men også fordi prosessen i seg sjølv har vore interessant. Eg har fått arbeide fram ein bildeserie til utstillinga frå ein litt famlande start via nokre viktige lærdommar til eit ganske sikkert resultat – noko eg kan takke kurator Hans-Olav Forsang for. Han har ein særeigen evne til på den eine sida å legge til rette for utprøving i startfasen og på den andre sida bruke fagkompetansen sin til å spisse porteføljen mot slutten av arbeidet.
Det har sjølvsagt også vore givande å følgje dei andre bidragsytarane, å sjå korleis dei har løyst ulike oppgåver og presentert tematikkane sine visuelt. Ikkje minst er det interessant å sjå heilskapen i den endelege utstillinga, der dei ulike tematikkane og prosjekta spelar saman, seier fotografen.
– Eit av bileta dine vart valde ut som gåve til dei som vann Hjernehelsejournalistprisen i år. Kva synest du om det?
– Det er eg sjølvsagt veldig glad for. No er det jo slik at eit foto eksisterer i verda på mange ulike måtar samstundes. Bildet som blei vald ut betyr for det første noko personleg for meg. Det ligg nokre viktige historier der, det er eit bilde av dotter mi, Hedvig, som blant anna handlar om å plutseleg bli storesøster, å få ei ny rolle i livet.
For det andre står bildet i sjølve utstillinga i ein meir allmenn kontekst, der tematikken barnehjernens utvikling var den raude tråden, og der trur eg mange vil finne gjenkjenning og få mange personlege assosiasjonar, dei vil møte eigne barndomsminne eller kanskje reflektere over sine eigne barns utvikling.
Når fotoet no blir gitt som gåve til journalistikk som utforskar barnedemens, ser eg plutseleg mitt eige fotografi i eit anna lys, kopla til nettopp denne tematikken, eg kan observere bildet med ein distanse, og lese det både konkret og symbolsk: Kven ser, kva blir sett, gjennom kva, korleis blir verda oppfatta gjennom dette blikket, osb.? seier fotograf David Aasen.
– Eg er personleg glad for at bildet blei vald ut, men eg er også glad for å få stadfesta at fotografi som kunstform har ei unik kraft i seg, og at eit ganske enkelt bilde har så stor overføringsverdi.
Vil du stemme på prosjektet vårt?
Trykk på tekstboksen nedenfor og følg anvisningene: